Restaurant Stovene

Lunsj og middag

Vi er veldig stolte når vi ynskjer deg velkomen til vår “historiske” restaurant. Vi har høge ambisjonar og kan love deg ei matoppleving både til kvardag og fest. Etter å ha vore gjest hos oss på Gloppen Hotell skal du skjønne at det er noko heilt spesielt med lokal mat frå Nordfjord. Hos oss er maten frå bygda, fersk, rein og utan tilsetningsstoff.

Mandag – lørdag:
Lunsj 13.00 – 18.00
Middag 18.00 – 22.00

Søndag:
Lunsj 12.00 – 16.00
Middag 16.00 – 21.00

Restaurant Stovene
Dekt bord i Restaurant Stovene

Lokal, heimelaga og nydeleg mat

Gruppemenyar for selskap

Selskapsmeny
Oppgradert selskapsmeny
Koldtbord meny

Velg ein av våre selskapsmenyar med kortreist og heimelaga mat!

Bryllaup på Gloppen

Å feire bryllaup på Gloppen Hotell er å skjemme bort deg sjølv og dine gjester. Vi serverar rom med atmosfære, idyllisk hage og store matopplevingar frå vårt prisbelønte kjøken. Vår matfilosofi er enkel og velkjend; Lokal, heimelaga og nydeleg mat. Vi set saman dagen heilt etter dykkar ynskjer.

Bryllaup på Gloppen

Gloppen Brygg

Gloppen Brygg er vårt eige mikrobryggeri og starta opp som Norges minste mikrobryggeri, i kjellaren på hotellet. På grunn av behov for større plass til større volum er bryggeriet no stasjonert i bygget like bak hotellet(i bakhagen). Dag Håkon Moen er bryggerisjef, samt food and beverage manager på hotellet. Han er utdanna ølkelnar og står for brygginga av vårt stolte øl

Egetbrygget øl

Stor satsning på lokal mat med Bodil Fjellestad i spissen

I vår historiske restaurant kan vi tilby ei reise i lokale smakar. Geit, lam, gris og okse er frå lokale bønder. Viltet er frå lokale jegarar. Fisken er frå Gloppen eller like ute ved kysten. Bær, frukt og nokre grønsaker er dyrka på Sandane og mykje av baksten lagar vi sjølv. Spekematen er frå eige produksjonskjøkken og stabbur. Urtene skaffar vi frå Høgt og Vilt- ein gard uti fjorden.

Fisk anretta på tallerken