Vi søker deg som:

  • likar å vere der det skjer og er fleksibel.
  • brenn for godt vertskap og blir motivert av gode tilbakemeldingar.
  • trivast med å ha mykje å gjere heller enn lite, men er kreativ i stille periodar.
  • er ein lagspelar, men kan jobbe sjølvstendig og ta ansvar.
  • er god til å kommunisere skriftleg og munnleg, både på skandinavisk og engelsk.

Vi tilbyr deg:

  • ei spennande stilling med ansvar, utfordingar og flotte kollegaer.
  • sommelierutdanning til den rette kandidaten.
  • medlemsfordelar i kjeden, Classic Norway Hotels.
  • eit kvardagsliv i vakre Gloppen.
  • deltaktig i vidareutvikling av hotellet.
  • å bli del av eit hotell-team som har fokus på å spele kvarandre gode.

Dette er ein arbeidsplass der du kan vokse og utvikle deg. Det er ein fordel med tidligare erfaring og at du har jobba i restaurant eller hotell tidlegare.

Vi ser etter deg som er nøyaktig og har auge for detaljar. Du er allsidig og kan halde i fleire oppgåver, og du ser verdien av god, tydeleg og effektiv kommunikasjon med team og kollegaer i alle ledd. Vi kan tilby eit fint arbeidsmiljø med gode verdiar, der du vil ta del i varierte arbeidsoppgåver og få stor tillit. Det er ei forutsetning at du ynsker å handtere ei arbeidsfordeling mellom operativt og administrativt arbeid.

Kan du tenke deg å jobbe hos oss? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat.

Vi gler oss til å høyre frå deg!

Smil frå team-Gloppen Hotell 🙂