GLAS 2026 er festivalen der norsk sider og akevitt får skinne – i møte med fjord og fjell, kunnskap og levande formidling. I mars 2026 samlast entusiastar, fagfolk og nyfikne gjester i Gloppen til ei langhelg fylt av smakar, samtalar og opplevingar som set spor.
Gjennom helga byr festivalen på eit variert program av smakingar, kurs og sosiale møtepunkt. Her møter du produsentar, pommelierar og formidlarar som deler innsikt i råvarer, stil og tradisjonar, samtidig som dei gir rom for refleksjon og dialog. Slik blir både lokal og regional sider, i tillegg til norsk akevitt, presentert med ro, djupn og respekt for handverket.
Kl. 17.00–18.00 | Restaurant Stovene, Gloppen Hotell
Guida smaking av lokal og regional sider. Gardsbrenneriet presenterer råvarer, stil og uttrykk. Enkel tilpassing blir servert. Inngang til etterfest i Kjellaren Pub er inkludert.
Kl. 19.00–20.00 | Restaurant Stovene, Gloppen Hotell
Smaking med fokus på norsk akevitt, tradisjonar og regionale særpreg. Fagleg presentasjon i rolege former. Inngang til etterfest i Kjellaren Pub er inkludert.
Frå kl. 18.00 | Gloppen Hotell
Puben er open med servering frå baren. Burger og cæsarsalat kan kjøpast fram til kl. 21. Bord i restaurant kan bestillast mellom kl. 18.00 og 21.00. Smaksmeny med éin til fem rettar.
Kl. 21.00–02.00 | Kjellaren, Gloppen Hotell
Etterfest med livemusikk. Øystein Eckhoff spelar frå om lag kl. 22.00.
Kl. 10.00–12.00 | Oppmøte ved Gloppen Hotell
Guida tur gjennom Trivselsskogen til Holvikfossen. Pause ved dagsturhytta. Gratis, men påmelding krevst. Forbehald om vêr.
Kl. 13.00–17.00 | Gildehallen, Nordfjord Distillery
Fagleg kurs om fermentering av frukt og bær. Teori og praksis, eigen smakstilsatt eplesider og stilsmaking. Deltakarar kan ta med eigne produkt. Kaldmat kan kjøpast.
Kl. 13.00–15.00 | Restaurant Stovene, Gloppen Hotell
Servering av etasjefat med sandwicher, scones og søtsaker. Inkluderer eitt glas sider og avsluttande akevitt.
Frå kl. 15.00 | Loungen, Gloppen Hotell
Uformelt møtepunkt i loungen. Servering frå baren. Spøting oppfordrast, men er ikkje eit krav.
Kl. 17.15–18.45 | Gloppen Hotell
Smaking av norsk sider og ny norsk vin. Presentert av pommelier Bente Vonheim og sommelier Anders Taklo Haugland. Fire sider og éin vin blir servert med enkel tilpassing.
Kl. 19.00–22.00 | Storsalen, Gloppen Hotell
Festmiddag med aperitiff, smårettar og tre-retters meny av lokale råvarer. Kvelden blir leia av Leif Bendik Hustad, president i Norske Akevitters Venner. Eksklusiv førlansering av ny akevitt. Inngang til etterfest inkludert.
Kl. 22.00–02.00 | Kjellaren, Gloppen Hotell
Etterfest med livemusikk, dans og sosialt samvær.
Kl. 10.00–12.00 | Oppmøte ved Gloppen Hotell
Ny guida tur til Holvikfossen for dei som ønskjer ein aktiv avslutning på helga.
Fleire arrangement kan bli lagt til.