Julebord på Gloppen Hotell er ei oppleving fylt med tradisjon, hygge og smakfull, lokal julemat – servert i våre historiske og vakkert julepynta stover. Vi tilbyr eit breitt utval av selskapslokale, inkludert chambre séparée for meir private selskap. Her får du heimelaga julemat basert på råvarer frå lokale gardar og leverandørar i bygda.
Vi arrangerer julebord kvar fredag og laurdag i førjulstida. Ønskjer du eit tilpassa opplegg utanom våre faste arrangement, skreddarsyr vi gjerne ei oppleving som passar dykkar behov.
Dei mest populære datoane blir raskt fullbooka, så ta kontakt med oss for meir informasjon, prisar og booking på post@gloppenhotell.no eller send inn eit kontaktskjema via nettsida vår.
Du kan også kombinere julebordet med arrangement i samarbeid med www.trivselshagen.no.
21. nov – Lutefiskaften kr 775,-
22. nov – Varmmat-julebuffet og dessertar kr 775,-
28. nov – Juletallerken med påfyll og dessert kr 675,-
29. nov – Varmmat-julebuffet og dessertar. Livemusikk kr 850,-
05. des – Full julebuffet med varme- og kalde rettar og dessertbord kr 850,-
06. des – Full julebuffet med varme- og kalde rettar og dessertbord. Livemusikk kr 925,-
07. des – Familiejulebord med full julebuffet med varme- og kalde rettar og dessertbord kr 850,-
Aktivitetar for barna kr 595,- (barn er rabattar)
12. des – Juletallerken med påfyll og dessert. Livemusikk kr 775,-
13. des – Varmmat-julebuffet og dessertar. Livemusikk kr 850,-
Etterfest i Kjellaren kvar fredag og laurdag.
Livemusikk på annonserte datoar.
Overnatting i forbindelse med julebord:
Enkeltrom – kr 1495 per natt
Dobbeltrom – kr 895 per pers. per natt (ved to pers. i eit dobbeltrom)