Ei juleoppleving med tradisjon, smak og varme

Når vintermørket senkar seg over Gloppen, lyser vi opp hotellet og ønskjer velkomen til ei av årets aller koselegaste høgtider.
På Gloppen Hotell handlar julebord om meir enn eit godt måltid. Det handlar om å finne roen, samle gode menneske rundt bordet og nyte den gode stemninga som oppstår når juletradisjonar, godt vertskap og smakfulle råvarer møtest. I våre historiske lokale, vakkert pynta til jul, inviterer vi til ei stemningsfull førjulstid med tradisjonsrik julemat, lokale smakar og mat laga med stoltheit frå grunnen av på hotellet.

Smaken av ei ekte jul

Vi trur dei beste julemåltida byrjar med gode råvarer og godt handverk. Difor lagar vi julepølsene, all kaldmat og tilbehøyr frå grunnen av på vårt eige kjøkken. Her får tradisjonane vere med vidare, samtidig som vi legg vår eiga stoltheit og kjærleik til handverket i maten. Resultatet er eit julemåltid med dei gode, kjende smakane – heimelaga, raus og servert på vår måte.

Overnatting i samband med julebord:

Enkeltrom – kr. 1 495,- per natt

Dobbeltrom – kr. 895,- per person per natt ved to personar i dobbeltrom

Julebordet kan også kombinerast med arrangement i Kultursalen i Trivselshagen – ei fin anledning til å gjere kvelden til ei komplett kulturoppleving.

Vi tilbyr også julebord og julelunsj for grupper på vekedagane.

📞 57 86 53 33
✉️ post@gloppenhotell.no

Prisar:

20. november – Lutefiskaften

Ein kveld for lutefiskelskarane. Vi serverer lutefisk med godt tilbehøyr og dessert. Kvelden held til i Kjellaren, med musikk frå anlegg. Kr. 795,-

21. november – Varmmat julebuffet

Ein lun kveld med varm julebuffet, dessert og god førjulsstemning. Musikk frå anlegg i Kjellaren. Kr. 795,-

27. november – Fullbooka
28. november – Fullbooka

4. desember – Julebord med livemusikk

Vi inviterer til vårt store julebord med full julebuffet med kaldmat, varmmat og dessertar. Etter måltidet kan julefesten halde fram i Kjellaren, der Roger & Tone sørgjer for livemusikken. Kr. 995,-

5. desember – Julebord med livemusikk

Nyt vår fulle julebuffet med kaldmat, varmmat og dessertar, før kvelden held fram med livemusikk av Roger & Tone i Kjellaren. Kr. 995,-

6. desember – Familiejulebord

Ei ekstra koseleg juleoppleving for heile familien. Vi dekkjer opp til full julebuffet med varme og kalde rettar og eit freistande dessertbord.

Vaksen: kr. 595,-

Barn 8–12 år: halv pris

Barn 4–8 år: kr. 195,-

Barn 0–4 år: gratis

11. desember – Juletallerken

Ein smakfull og tradisjonell juletallerken med påfyll og dessert. Kvelden kan nytast i Kjellaren med musikk frå anlegg. Kr. 695,-

12. desember – Varmmat julebuffet med livemusikk

Avslutt julebordssesongen med varm julebuffet, gode dessertar og livemusikk. Kr. 845,-.

Kontakt oss