Ta med leiargruppa, kollegaer eller samarbeidspartnere til eit opphald med gode opplevingar. Med vår heimekoselege atmosfære og herlege lokalmat, har du den perfekte ramma for lyse idear og ny inspirasjon. Kombiner gjerne ditt opphald med ein av våre mange aktivitetstilbod.
Vår konferanseavdeling kan ta imot opp mot 100 personar i klasseromsoppsett. Vi har i tillegg fleire mindre møterom og stover som høver godt som grupperom. Vi samarbeider og med Trivselshagen kulturhus 2 minutt unna, som har plass til 300 personar.