Classic Norway Hotels
Nordfjord Aktiv byr på profesjonell guiding, kurs og utleige av utstyr. Dei tek deg gjerne med på fjorden i kajakk, på fotturar eller på stisykling. Visste du at Nordfjord Stisenter ligg i Gloppen? Nordfjord Aktiv har syklar til leige.
2 km lang sti, kular, doserte svingar og alt ein kan tenke seg når det kjem til sykkelsti. Stisenteret passar for alle, og det er ein flott plass å ta med seg venar eller familien for å vere aktive. Her er både ein klatresti og nedoversti som gir deg fleire muligheter. Stien er ein blå flytsti som betyr at alle skal kunne klare fint å ta seg gjennom denne.