Classic Norway Hotels
Eit av dei mest spektakulære nærturområda i landet finn du rett ovanfor Sandane sentrum – Trivselsskogen. Her startar turen frå hotellet og går oppover ei hjarteforma gangbru før du kjem inn i eit nettverk av tilrettelagde stiar i variert terreng. Enten du vil ha sherpatrapper, grusveg eller barkesti, finn du ein løype som passar for deg. Undervegs opplever du stemningsfulle installasjonar som Kjærleiksskogen, Draumekvila – med ope bibliotek – og det dramatiske Fosseteateret ved Holvikefossen. Frå utsiktspunktet Utsiken har du storslått utsyn over Sandane og Nordfjordegga. Dette er ein tur med både puls og poesi.