Her finn alle sin sti. I tillegg er Trivselsskogen ei vandreoppleving med element langs stien. Her finn du TIN-Camp med gapahukar, amfi og bakaromnar.

I kjærleiksskogen kan du henge opp hjarter som ei helsing til nokon du er litt ekstra gla i. Vidare kjem du til Draumekvila, den fyrste dagsturhytta med eige bibliotek tilgjengelig for alle og open 24/7. Vidare oppover lia kjem du til sherpatrappene, eit handtverk utført av tradisjonsberarar frå Nepal. Etter 374 trappetrinn er du opp på utkikspunktet Utsiken. Her har du ei fantastisk utsikt over Sandane og fjellformasjonen Nordfjordegga på sørstranda.

Etter 700 meter vidare langs fjellformasjonen kjem du til Fosseteateret ved Holvikefossen. På dagar der vinden kastar fossen oppover, viser den forsmådde fossebruda seg i all si vrede. Kanskje du får sett ho? På veg ned frå Fosseteateret har sherpaane laga trappekunst. 640 trappetrinn, hundrevis av tonn med stein er lagt lag på lag i den bratte fjellskråninga. Korleis det i det heile tatt er mogleg å få det til, kan ein spørje seg om. Ein rundtur tek ca 1,5 – 2 timar.

Skogen er stadig i utvikling. Det nyaste tilskuddet er Tufteparken – eit utandørs treningsområde.