Arkitekturen på Gloppen

 

Den historiske delen i sveitserstil

Etter utbygginga i 1925 framstod Sivertsen hotell – som det vart kalla den gang – på omtrent same måte som i dag. Bygget er i sveitserstil, som var ein mykje brukt stilart i nordeuropeisk trearkitektur frå ca. 1840 til 1930. Mange av trehotella som vart bygd i Sogn og Fjordane på denne tida var nettopp i sveitserstil. Karakteristisk for sveitserstilen er store takutstikk, framheving av gavlar og rikt utskårne ornament og listverk.

Sveitserstilen var og prega av høge grunnmurar, og akkurat det er eit av trekka som særpregar denne eldre delen av bygninga.

I den historiske bygninga, er hotellet innvendig restaurert og pussa opp etter stilen frå slutten av 1800-tallet. Eigarane har vektlagt det historiske opphav til hotellet både i arkitektur og interiør. Dei har vore svært opptekne av den spennande historia til hotellet og heile tida bygd seg tilbake i tida. Då dei i 2000 pussa opp ti nye gjesteværelser vart desse individuelt innreia med tidsriktige tapetar med mønster frå perioden 1820 til 1890, gamle antikke møblar, blondegardiner og “nostalgiske” bad med moderne komfort. I 2015 og  2016 vart store deler av dei historiske romma nok ein gang pussa opp- og abeidet her fortsett ut 2017.

 

Tilbygg fra 1970-talet

På 70-talet valte dåværande eigar, Sivertsen-familien, å byggje ut hotellet på ny. Dei bygde på ein rom- og konferansedel bak den historiske bygninga, og med bygningskroppen kobla direkte på den historiske delen. Og dei valte å byggje iht. dåtidas arkitektur og formspråk.

På 50-60 talet gjorde funksjonalismen seg gjeldande i arkitekturen. Nå vart det lagt større vekt på rasjonell bygging enn på estetisk utforming. Arkitekturen fekk eit meir robust uttrykk, og det går igjen i vårt tilbygg som kom på 70-talet. På same tid byggjer også andre historisk hotell ut nye tilbygg, og vi ser bl.a. det same trekket hos f.eks Kviknes hotell i Balestrand.

I 2015 vart alle romma i denne fløyen pussa opp til moderne komfort, og er no våre økonomirom.

 

Kurs/konferansefløyen fra 2011

I juni 2011 sto den nye konferansedelen med resepsjon, kontor og 24 gjesterom klar til bruk. Bygget er knytt til det historiske bygget med ein mellombygning, også på tre etasjer i tillegg til kjellar.

Ved denne utvidinga av hotellet har vi vore veldig opptekne av at den eldre bygningsmassen får stå tydeleg fram med sine opprinnelege proporsjonar og opprinnelege omriss. Den nye fløyen er bygd med eit moderne og forenkla formspråk som viser at dette er ei ny bygning, men den underordnar seg det arkitektoniske formspråket til den eldre.

Dette får vi til gjennom eit lågmelt og forenkla dekorprogram og ein dempa fargebruk – typisk for vår tid. Det er vel og tidstypisk at vi valte ein mellombygning i glas. Denne framstår som delvis transparent og forskjellig frå dei andre meir massive bygningskroppane.

Innredninga i denne nye delen er både tradisjonsrik og moderne. Den historiske delen av hotellet er innreia på ein måte som speglar hotellet sin tidlegare og nåverande kundekrets: laksefiskarar og jegerar. Hotellet har ein nøktern og uformell stil med lune stover med eldstader, jakttroféar og fotografi av hotelleigarane og gjestene sitt liv og aktivitetar.