Vi skreddersyr ein pakke for deg som vil utfordre deg sjølv – som vi bli den beste versjonen av deg sjølv, uansett utgangspunkt. Bo sentralt i avkoblande omgjevingar og nyt mat og drikke i særklasse. Opplev fjord og fjell på efoil og sykkel.
Fjordium Performance Institute
Norges mest unike utviklingssenter. Her finn du stormøller for rulleski, mulighet for fysiologisk testing og innovative løysingar for individuell teknikkanalyse. Denne pakken legg til rette for eit svært eksklusivt trening- og utviklingsopphald og er inkludert overnatting ved Gloppen Hotell.
Perfekt opplading til Birken eller Vasaloppet.
På Fjordium Performance Institute får du ein eksklusiv mulighet for effektiv trening og realisering av personleg målsetting. Med individuell teknikkveiledning og bruk av stormøller for rulleski, kombinert med innovativ teknologi kan du løfte treninga, og ikkje minst heve treningsutbytte til eit nytt nivå. All trening er med kyndig veiledning og instruksjon av erfarne trenarar. Om du også vil sette ein status på formen din kan du oppgradere med fysiologisk testing i form av laktattest og/eller VO2 maks test. Testane kan tilpassast ulike bevegelsesformer. Fjordium kan hjelpe deg å nå vinterens mål, uavhengig av nivå og utgangspunkt.
Avkoblande omgjevingar og lokal, heimelaga mat.
Overnatt i moderne nordiske rom med to meter brede Jensen-senger eller finn roen i historisk del. Gloppen Hotell er kjent for sin gode mat, laga av sesongens beste råvarer. Her får du oppleve ekte matglede. All mat på bordet er laga frå grunnen av og tilberedt av kokkar med genuin interesse av å gje deg den beste matopplevinga. Råvarene er levert av den lokale bonde eller jeger. Vi tilpasser pakken med måltid etter ønske.
Kombiner opphaldet med aktivitetar.
Nordfjord Aktiv er størst på efoil i Skandinavia og rett utanfor Sandane har vi nåken av landets flottaste terrengsykkelløyper, midt mellom to fjordar. Gloppen Hotell og Fjordium og Nordfjord Aktiv finn du med få minutters gange frå strand, park, sentrum, badeanlegg og flotte turmoglegheiter. I Trivselsskogen finn du stor utendørs treningspark.
Lokasjon.
Gloppen er lokalisert kun 45 minutters reise med direktefly frå Oslo lufthavn, Gardermoen til Sandane lufthavn, Anda. Fjordium finn du med få minutters gange frå hotellet. Gloppen Hotell, Fjordium og Nordfjord Aktiv finn du med få minutters gange frå strand, park, sentrum, badeanlegg og flotte turmoglegheiter.
Tilbodet rettar seg primært mot langrenn, men vi tilbyr også oppfølging i andre idrettar.
Her kan du lese meir om fjordium: www.fjordium.no / www.nordfjordaktiv.no
Foto: SolFure.