Dette unike utviklingssenteret har stormøller for rulleski, moglegheit for fysiologisk testing og nyskapande løysingar for individuell teknikkanalyse. I denne skreddersydde pakka i samarbeid med Gloppen Hotell er det lagt til rette for eit individuelt, eksklusivt trenings- og utviklingsopphald, uavhengig av nivå, slik at du kan nå dine mål og bli den beste versjon av deg sjølv!
Med individuell teknikkrettleiing, stormøller og teknologi blir treninga di forbetra. All trening blir gjennomført med kyndig rettleiing og instruksjon frå erfarne trenarar. Om du ynskjer å vurdere formen din, kan du oppgradere med fysiologisk testing som inkluderer laktattest og/eller VO2-makstest. Testane kan tilpassast ulike bevegelsesformer. Fjordium kan hjelpe deg med å nå vintermåla dine, uansett nivå og startpunkt.
Vi overnatta på Gloppen Hotell, kjent for den gode, heimelaga maten. All mat på bordet blir laga frå grunnen av og tilberedt av kokkar med genuin interesse for å gje deg den beste matopplevinga. Råvarene blir levert av den lokale bonden eller jegeren. Middag og/eller lunsj er inkludert i pakka etter ynskje.
Opp mot 10 personar på følgande datoer.
Evt. tillegg
Lunsj, middag og drikkevarer