Tradisjoner helt tilbake til 1866

Joachim Siversten fekk løyve til å selje øl og drive næringsverksemd på tomtene der Gloppen Hotell står i dag allereie i 1853.
I 1866 fekk han løyve til å drive hotell, og sette i gang med fleire utvidingar. Den første i 1879 og den siste i 1925.- som i dag utgjer det kvite sveitserbygget vi er så glade i. Sivertsen Hotell var eit stolt familiehotell i 5 generasjonar fram til 80-tallet. Etter nokre år med ulike eigarar, kjøpte K. Strømmen Lakseoppdrett hotellet i 1988 og tilsette Dag Moen som dagleg leiar. I 1994 kjøpte ekteparet Dag og Irene Moen det no omdøypte Gloppen Hotell og var vertskap saman fram til 2013, når Dag uventa gjekk bort.

Laks- og sjøaurefiske

Dag og Irene var opptatt av å bygge hotellet tilbake i tid, trinn for trinn. Satsinga på høg kvalitet i restauranten var også eit viktig arbeid. I 2007 kom Bodil Fjellestad Eikrem tilbake til bygda etter fleire år ute i lære. Ho starta som kjøkkensjef og satsa saman med Dag stort på lokalmat. Det vart bygd eige produksjonskjøken i 2008, som gjorde at hotellet kunne ta imot leveringar og heile slakt frå rundt 20 lokale bønder, fiskarar og jegarar. Denne satsinga på lokal og stort sett ureist mat, har gjeve eit prisdryss til hotellet og lagt grunlaget for ei suksesshistorie som har lagt eit solid grunnlag for heilårsdrift og vidare satsingar. Som f.eks Gloppen Mat same år (les gjerne meir her), og Gloppen Brygg i 2014.

Sidan 2013 har sønene Preben og Dag Håkon vore det stolte vertskap. Preben vart i 2013 landets yngste hotellsjef som 23 åring. Allereie året etter vant han prisen Helt Sjef, som de kan lese meir om her. Preben har trass sin unge alder allereie lang erfaring som kokk med souss-sjefstilling på både Dr. Holms Hotell og berømte Engø Gård på rullebladet. Yngstebror Dag Håkon har også utdanna seg som kokk og hatt lærlingstida si på Spisekroken i Bergen. De kan lese meir om dei i fana medieomtale.

Familien Moen har teke vare på det som fins av gamle møblar og gjenstandar, og har pussa opp meir og meir av den vakre, kvitmåla bygningen. I dag framstår hotellet i ein minst like sjarmerande stand som det gjorde i sine glansdagar.

I 1996 overtok hotellet fiskerettane i Gloppenelva, og sjølv om tidene har endra seg, og hotellet sine gjestar i vintersesongen for det meste består av kurs- og konferansedeltakarar, er det fortsatt laksefiskarane som set sitt preg på sommarmånadane frå juni til september.

Dei vil framleis ha den gode, gamaldagse forpleininga, og det får dei på det tradisjonsrike laksehotellet innerst i Nordfjord!

Laks- og sjøaurefiske

Det byrja med lakselordane..

Det var Gloppenelva og fisket etter laks og sjøørett som i si tid skapte grunnlaget for hotelldrift på Sandane. I alle år har tilreisande får heile verda søkt hit for å prøve fiskelykka.

Laks- og sjøaurefiske
Laks- og sjøaurefiske

Allereie i 1904 vart Gloppen oppført i den engelske guideboka ”Salmon Fishing in Norway” som ein av dei aller beste fiskestadane i Noreg. Men det hadde dei engelske lakselordane for lengst oppdaga, og i ei årrekke valfarta dei til den fiskerike elva.

I dag er det mest nordmenn som fiskar her, men stemninga er nok mykje lik; her lyg ein, skryt, overdriver og argumenterar. Stemninga er høg i Peisestova på Gloppen Hotell. Første økt i elva er over og nå diskuterer ein dagens fangst – og ikkje minst fangsten som glapp. Sportsfiskarane er samla til 3-retters middag, slik ivrige fiskarar har gjort det i godt over hundre år før dei igjen.

Arkitekturen på Gloppen

Den historiske delen i sveitserstil

Etter utbygginga i 1925 framstod Sivertsen hotell – som det vart kalla den gang – på omtrent same måte som i dag. Bygget er i sveitserstil, som var ein mykje brukt stilart i nordeuropeisk trearkitektur frå ca. 1840 til 1930.

Mange av trehotella som vart bygd i Sogn og Fjordane på denne tida var nettopp i sveitserstil. Karakteristisk for sveitserstilen er store takutstikk, framheving av gavlar og rikt utskårne ornament og listverk.

Sveitserstilen var og prega av høge grunnmurar, og akkurat det er eit av trekka som særpregar denne eldre delen av bygninga.

I den historiske bygninga, er hotellet innvendig restaurert og pussa opp etter stilen frå slutten av 1800-tallet. Eigarane har vektlagt det historiske opphav til hotellet både i arkitektur og interiør. Dei har vore svært opptekne av den spennande historia til hotellet og heile tida bygd seg tilbake i tida. Då dei i 2000 pussa opp ti nye gjesteværelser vart desse individuelt innreia med tidsriktige tapetar med mønster frå perioden 1820 til 1890, gamle antikke møblar, blondegardiner og “nostalgiske” bad med moderne komfort. I 2015 og  2016 vart store deler av dei historiske romma nok ein gang pussa opp- og abeidet her fortsett ut 2017.

Tilbygg fra 1970-talet

På 70-talet valte dåværande eigar, Sivertsen-familien, å byggje ut hotellet på ny. Dei bygde på ein rom- og konferansedel bak den historiske bygninga, og med bygningskroppen kobla direkte på den historiske delen. Og dei valte å byggje iht. dåtidas arkitektur og formspråk.

På 50-60 talet gjorde funksjonalismen seg gjeldande i arkitekturen. Nå vart det lagt større vekt på rasjonell bygging enn på estetisk utforming. Arkitekturen fekk eit meir robust uttrykk, og det går igjen i vårt tilbygg som kom på 70-talet. På same tid byggjer også andre historisk hotell ut nye tilbygg, og vi ser bl.a. det same trekket hos f.eks Kviknes hotell i Balestrand.

I 2015 vart alle romma i denne fløyen pussa opp til moderne komfort, og er no våre økonomirom.

Kurs/konferansefløyen fra 2011

I juni 2011 sto den nye konferansedelen med resepsjon, kontor og 24 gjesterom klar til bruk. Bygget er knytt til det historiske bygget med ein mellombygning, også på tre etasjer i tillegg til kjellar.

Ved denne utvidinga av hotellet har vi vore veldig opptekne av at den eldre bygningsmassen får stå tydeleg fram med sine opprinnelege proporsjonar og opprinnelege omriss. Den nye fløyen er bygd med eit moderne og forenkla formspråk som viser at dette er ei ny bygning, men den underordnar seg det arkitektoniske formspråket til den eldre.

Dette får vi til gjennom eit lågmelt og forenkla dekorprogram og ein dempa fargebruk – typisk for vår tid. Det er vel og tidstypisk at vi valte ein mellombygning i glas. Denne framstår som delvis transparent og forskjellig frå dei andre meir massive bygningskroppane.

Innredninga i denne nye delen er både tradisjonsrik og moderne. Den historiske delen av hotellet er innreia på ein måte som speglar hotellet sin tidlegare og nåverande kundekrets: laksefiskarar og jegerar. Hotellet har ein nøktern og uformell stil med lune stover med eldstader, jakttroféar og fotografi av hotelleigarane og gjestene sitt liv og aktivitetar.